Festival-linje i Nord-Norge?

Det går an – berre høyr kva Ingrid, elev skoleåret 2018-2019 har å seie om det!

Å få vere med på noko som er større enn deg sjølv.

Eit år på Festival-linjen kan bety utruleg mykje for deg, kulturlivet og mange andre. Ein får ikkje berre eit innblikk i det nordnorske festivallivet. Du får vere med på noko som er større enn deg sjølv, du får vere med å skape og spreie glede og samhald til eit fellesskap du blir ein del av. Dette har eg fått gjort eit heilt skuleår.

Men.. festivallinja i Nord-Norge? Ja, det er faktisk nok festivalar i Nord-Norge til å fylle eit skuleår. Meir enn nok, og i stilleperiodar er det berre å lage sin eigen. Muligheitene er store og mangfaldet er stort. Alt frå scenerigging, vere bartender, administrere VR-kino, sette opp paviljongar, til å ligge i vatnet med tørrdrakt i ti minusgrader. Du får utfordra deg sjølv, det er sikkert!

Ei heil kasse med gode minner – og mykje fest og moro!

Å jobbe på festival handlar i stor del om å gje ein del av seg sjølv, by på seg sjølv og bidra med dei ferdigheitene ein har, men du må ikkje tru at du ikkje får noko igjen for det. For det gjer du! Gode venner, god arbeidsmoral og ein heil kasse med gode minner eg aldri gløymer er det eg vil sette øvst på mi liste etter eit år på Festival Event Managment på Harstad Folkehøgskule, men lista den er mykje lenger.

Det er likevel ikkje berre jobb, det er mykje fest og moro i festivallivet!
Det er noko med det å bruke ei veke på å rigge opp ei scene, for så å stå blant publikum lørdagskveld og sjå store artistar og gjerne dine eigne forbilde stå der du stod i går.
Det kunne dei ikkje ha gjort utan din hjelp!

Ingrid Malene Steinsland, elev Festival Event Management 2018-2019

Belønninga!